SELJE 
mars 2026
Onsdag
18.00 - 18.55 Stødig Flyt
- Ei litt meir krevande økt for styrke og balanse.
19.00 - 20.00 Kveldspust
- Slepp dagens stress og bekymringar, og lei kroppen inn i betre og djupare søvn.
Søndag
20.00 - 20.45 Kveldspust
- Slepp spenningar i musklar og ledd med ei roleg og mindful yin økt på slutten av veka.
Pris: 99,- Pris er per person - pr time.
Stad: Klubbhuset ved fotballbana, Selje.
Book: WhatsApp eller melding +47 48219823

· Send forespørsel på +47 48219823
· Få bekreftelse på ledig plass
· Sikre deg plassen ved å betale for timen via vipps (48219823) Rebekka Myrseth.

Dersom færre enn 5 deltakarar er påmeldt, blir timen avlyst. Du vil i så fall få beskjed, og betalt beløp vil bli refundert.
Booking blir handtert manuelt, så ikkje bekymre deg dersom du ikkje mottar bekreftelse med ein gong.

Tips før timen:
Prøv å unngå å ete rett før timen. Det er best å vente minst ein time etter eit måltid før du praktiserer yoga, for å få best effekt av timen.
Ta gjerne med eit pledd dersom du lett blir kald. 
Yogamatte får du i timen, men om du har ein eigen favorittmatte du ynskjer å bruke, kan du ta den med.​​​​​​​



Hugs: Yoga er ikkje berre ei treningsøkt – det er ei stund på matta for å finne balanse og harmoni mellom kropp og sinn, og for å skape indre ro, fokus og velvære i kvardagen.
 
Back to Top