OKTOBER
> Slow Flow + YIN
TID MANDAGAR kl 19.00 - 20.00 (oppstart 5. oktober)
Ein roleg og mindful yogatime med mjuke rørsler, lett styrke og balanse. Vi strekker og løyser opp i musklar og ledd, samtidig som vi byggjer styrke og stabilitet - utan at det blir ei treningsøkt. Timen går i eit roleg tempo og avsluttar med avspenning (YIN).
STAD: Dansesalen i innbyggjartorget (Inngang på baksida!)
PRIS: 130,- 
Ved avbestilling same dag, må timen likevel betalast.

Påmelding: 48219823
> Senior yoga / Stol yoga
TID TIRSDAGAR kl 12.30 - 13.30 (oppstart 13. oktober)
Ein roleg og tilpassa stol-yogatime med fokus på pust, mjuke rørsler og god kontakt med kroppen. Vi arbeider med enkle øvingar for ledd og musklar som bidreg til å halde kroppen mjuk, bevegeleg og sterk, samtidig som vi tøyer, mjuknar opp og trener balanse. Økta går i eit roleg tempo og passar for alle som ønsker ein skånsam yogatime - du treng ikkje vere senior for å delta.
STAD: Dansesalen i innbyggjartorget (Inngang på baksida!)
PRIS: 100,- 
Påmelding: 48219823
Følg meg gjerne på Instagram for oppdateringar.
Back to Top